-Ein del av den offentlege helsetenesta i Sunnfjord kommune
Førde Fysioterapi vert for tida drifta av fysioterapeut Synnøve Husevåg-Lobben. Ho vart utdanna ved Høgskulen i Bergen i 1996, og har over 20 års erfaring som allmennpraktiserande fysioterapeut.
Tidlegare hadde instituttet namnet Fjellvegen Fysioterapi og holdt til i Fjellvegen 10. Hausten 2017 flytta instituttet inn i lyse og trivelege lokaler ved Storehagen 5, og endra då namn til Førde Fysioterapi.
Førde Fysioterapi er ein god stad for deg som likar litt rolegare atmosfære ved behandling og trening.
Førde Fysioterapi har det meste ein treng til trening for både unge, vaksne og eldre. For å få opp varmen eller for å trene kondisjon kan ein nytte romaskin, sykler, tredemølle eller crossbody. Her er ulike apparat for styrke og balanse, samt Redcord for dei som har nytte av øvelser i slynger.
Ved Førde Fysioterapi byrjar ein alltid med ei grundig vurdering og samtale. Pasient og fysioterapeut vert i samarbeid einige om kva som er viktigast for pasienten og kva som er målsetnaden for behandlinga.
I behandlinga nyttar fysioterapeuten ulike metoder, teknikker og øvelser, samt informasjon og rettleiing. Pasienten sin aktive deltaking i behandlinga er heilt sentralt. Målet er å fremje endringsprosessar som kan medverke til smertelindring og funksjonsbetring, evnt. til å halde oppe funksjonsevna på kort og lang sikt. Fysioterapeuten evaluerar kontinuerleg resultata av behandlinga og tilpassar tiltaka ut frå vurdering av pasienten sine reaksjonar, kroppslege endringar og ønskjer og behov.
Ved Førde Fysioterapi nyttar ein behandlingsformer som er forankra i kunnskapsbasert praksis, og som er akseptert av helsemyndighetene. Kunnskapsbasert fysioterapi er å foreta veloverveide beslutningar som gjeld all fagutøvelse og alle elementa i ein terapeutisk prosess, og på ein måte som bidreg til å styrke pasienten sine eigne ressursar. Val av fysioterapeutiske verkemidlar er basert på ein kritisk vurdering av forskningskunnskap, systematisert erfaringskunnskap og brukerkunnskap.
Førde Fysioterapi nyttar behandlingsformer som gjev deg som pasient rett til berre å betale eigenandel ifølgje "Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.". Tenestetilbodet ved Førde Fysioterapi er del av ein større heilhet, og fysioterapeuten vil kunne bidra til nødvendig tverrfagleg samhandling til ditt beste.